OBS NY DATO! Bienes historie i direktestrøym på Figurteatret 6. desember

Søndag 6. desember kl 16 har du moglegheit til å sjå Bienes historie, i direktestrøym frå Hovudscenen på Det Norske Teatret på Figurteatret i Stamsund!

Og det heilt gratis!

Ta med din kohortvenn og kom! Men hugs påmelding med namn og telefonnr til Figurteatret på epost produsent.fin@nfk.no

Direktestrømming av bienes historie, noen som danser på en scene - Klikk for stort bilde  

 Maja Lundes suksessroman, Bienes historie, har blitt musikal. Grunna koronasitusjonen, med få publikummarar i salen, har Det Norske Teatret i samarbeid med bibliotek og kulturhus valt å direktestrøyme enkelte framsyningar slik at publikum i heile Noreg kan oppleve framsyninga samtidig!

 

• Søndag 6. desember kl 16 kan du sjå Bienes historie i direktestrøym på Figurteatret i Nordland.

 

Fra kl 1530 får du ein samtale mellom forfattar Maja Lunde og litteraturagent Annette Orre (35 minutt). Sjølve framsyninga startar kl. 16.00 . Framsyninga varar i om lag 2 timar og 30 minutt, inkludert ein pause på 20 minutt.

 

Strøyminga startar samtidig som framsyninga på scenen og du kan ikkje sjå ho i opptak.

 

Det blir ei oppleving garantert i tråd med gjeldande smittevernreglar samtidig som publikum kan følgje teateropplevinga i sanntid.

Les meir om Bienes historie på Det Norske Teatret her! https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/bienes-historie

Publisert avAnne Silje Steinsrud Kolseth